Create Your First Project
Start adding your projects to your portfolio. Click on "Manage Projects" to get started
Portrett - med blenk i auga
Prosjekttype
Portrett
Dato
2015
Plassering
Osøyro, Hamnevegen 54, mitt atelie saman med Valør
Med blenk i auga.
Dette er et portrett i blyant av faren min.
Ein måte å hedre han, for støtten eg fekk opp gjennom heile karrieren min, hjelp til utdannelsen og å tru på at kunsten min hadde verdi.
Eg laga det då eg skulle ha sommarutstilling i Moster Amfi saman med Inger Marie Sæverud. Sommaren 2015.
Hans visjon var det som fekk meg dit den sommaren. Han drøymde om at eg skulle stille ut der. fortalde meg om det fleire gonger. Og ein gong me var der, gjorde det at då ein annan av min andre støttespillere - Johannes Hjelland - lurte på om eg ikkje skulle stille ut der snart - så gjorde eg noko med det. Han hjalp meg å finne rett kontakt person og så var det i gang.
Eg hadde et år på meg til utstillinga og fekk ideen om dette store blyantportrettet i 40 x 60 cm str. Det er uten tvil portrettet som har fått aller mest oppmerksomhet av alle eg har laga.
Motivet er så typisk pappa.
Slik ER han. Friluftsmann på sin hals. I refleksjonen i brillene ser du skistavar og ski fra gjengen som er med. Me tok ein familedag på ski saman i anledning 75-årsdagen hans. Føret var elendig og spinnglatt. Men gjengen var der, me hadde det veldig kjekt og eg tok fotoet som blei til denne blyanttegningen.
Portrett med sjel
Eg er mykje meir glad i å lage slike portrett enn oppstilte portrett. Disse forteller ein histprie. Viser kven personen ER. Og er et fantastisk minne eg kan bli påminna kvar gong eg ser det. Både av utstillingen og alle turane på ski me har hatt opp gjennom årene.
Når du velger motiv til portrettene du vil ha
- Enten du tegner eller maler eller vil ha et bestilt
- Kva treffer hjerta ditt?
- Kva vil gi deg mest glede?
Velg der. Velg fra det som gir følelsen - ikkje eit nøytralt bilde uten sjel. Sjelen er det som treffer oss, som gjer at me stopper opp og husker.
Verdt kvar time, og kvar strek.
40 x 60 cm - blyanttegning på ingrespapir - mitt favorittpapir å tegne på - fordi det gir eit utrulig fint liv i bildet. 2015.
Portrettet heng stort sett hos far min, men av og til låner eg det. Så du kan finne det på utstillinger eg har eller i atelieet mitt - akkurat no er det på Osøyro - Hamnevegen 54, 2.etg.
Anita Våmartveit







