
anita våmartveit
illustratør/billedkunstner/kreativ coach
Mobil:
+47 45 45 33 46
Email:
Addresse:
Storestraumen 23,
N-5212 Søfteland
Atelie:
Hamnevegen 54, 0søyro, 2.etg

litt om meg
Den magiske brua
Frå det som bur i deg – til det som kan bli til.
​
Eg trur det finst bruer me ikkje alltid kan sjå med ein gong.
​
Mellom ein drøm og dit me vil.
Mellom intuisjonen og vegen dit noko kallar på oss.
Mellom det me føler inni oss og det me er i stand til.
Mellom ein intensjon og det me ønsker å skape meir av i livet.
​
For meg har kunsten alltid vore ei slik bru.
Eg er Anita Våmartveit
– kunstnar, illustratør, kreativ kurshaldar og lifecoach.
Eg trudde lenge at den største evnen min var å kunne tegne og male fint.
Eg sa det og - eg er berre god på å tegne sa eg ei stund...
Etter kvart oppdaga eg at det eg virkelig brenner for, er noko større:
å oppdage kva som bur i oss – og å hjelpe det fram.
​
Det kan vere eit bilde som enno berre finst som ein følelse eller ein idé.
Ein historie som ønsker eit uttrykk, enten som bilde, ein tekst eller kanskje ein sang...
Ein intuitiv evne du ikkje heilt har våga å stole på.
Eit talent du har tatt som ei selvfølge.
Eller ei side av deg sjøl som begynner å kviskre: Det finst ein annan vei.
​
Talent er så mykje og altfor mange er ikkje klar over verdien eller magien i det.
DET er noko eg elsker å snakke om!
​
Kunsten min
Gjennom kunsten min skaper eg bilder som skal vere meir enn pynt
– bilde med følelser, symbolikk, historier og intensjon.
​
Illustratøren i meg elsker å formidle noko
​
- og eg er mindre opptatt av korleis enn kva motivet handlar om.
​
Kurs
Gjennom kurs hjelper eg deg å utforske kreativiteten og ditt eget unike uttrykk.
Eg har ein soft spot for portrett, av både menneske og dyr, og i Portrettklubben lærer eg andre å skape levande portrett med sjel - med feedback som støtte.
Og så kom Den kreative hagen smygande og
så ein dag - Din magiske livsvei.
​
No bur kursene mine i desse tre universene med litt ulik overlapping.
​
coaching
Og gjennom coaching , veiledning hjelper eg deg å
sjå evner, intuisjonen
og mulighetene som kanskje har vore der lenge,
men som du ikkje heilt har sett verdien av enno.
Eg bruker alle mine verktøy fordi ingen er like
og opp gjennom årene har eg oppdaga mykje som funker.
​
Det viktigste er å finne ut kor du vil, og hjelpe deg dit.
​
For eg trur ikkje me er ferdig forma.
Eg trur me kan oppdage nye sider av oss sjølve gjennom heile livet.
Og nokre gonger treng me ei bru mellom det vi anar er mulig
– og det me faktisk vågar å begynne å leve.
Kanskje finn du ei slik bru her.
​
Et liv er som ei bok med mange kapittel og av og til treng me ein ny start i livet.
​
BILDER PÅVIRKER OSS
På min vei i livet oppdaga eg at bildene påvirker oss.
Ikkje berre i sjølve motivet, men følelsen og intensjonen bak er som usynlig energi som skaper.
Fordi bilder rommer følelser, energi som er usynlig - men føles.
Og gjennom Feng shgui oppdaga eg at 33% av omgivelsane påvirker oss -
noko følgande opplevelse viste meg....
​
Etter 5 år med kreativ malesperre - hadde eg et motiv eg ville lage først - motivet under.
Dette er mine to søner - og dei slutta fkatisk å kjekle seg imellom
då eg mala portrettet av dei under .
​
Det viste meg magien som bur i det visuelle uttrykket
​
Etter dette har fokuset mitt endra seg. No må eg male det som løfter oss, portrett med sjel og historier,
illustrere et poeng fordi me lærer bedre gjennom bilder
​
Og å løfte fram den kreative prosessen - som er fantastisk - og som lett kan forsvinne om me ikkje begynner å oppdage kva som virkelig vil ut - gjennom OSS! Ingen ser verden akkurat som oss - og mange aner ikkje det unike dei bærer på - fordi det virker så opplagt - for dei.
​
​
erfaring & utdannelse
illustrasjon, billedkunst og portrett
Kurserfaring
Coaching & intuitive verktøy
3-årig illustrasjonsutdanning veg Gemini School of Illustration, 30+ års erfaring, portrett, illustrasjon, tegning og maling, utstillingar og oppdrag.
Undervist sidan 2006, online sidan 2018, kurs, workshops og 1:1.
Teikning, maling, illustrasjon og kreativitet - intuisjon/human design
Lifecoaching, NLP, Human Design, kinesiologi, kunstterapi, healing m.m.


