top of page

Create Your First Project

Start adding your projects to your portfolio. Click on "Manage Projects" to get started

Slåtterøy & Selsøy

Prosjekttype

Akvarell

Dato

April 2018

Slåtterøy.

Eit kjent landemerke. Og eit fyr som har redda mange liv. Og losa skip i all slags ver.

Dette motivet var ein bestilling. Oppdragsgivaren såg for seg fyret med bølgene som slår. Og det var og tanken min å mala øya med fyret og bølgene.

Men eg kom meg aldri avgårde. Ingen kunne ta meg over med båt det året og eg likar i motivene mine å ha troverdighet og autentisitet når eg skal mala noko så konkret og kjent. Eg spurte mange om dei hadde bilder. Men nei - ingen passa heilt.

Ei venninne av meg - Elin Karin Katla Ellingsen - hadde derimot vore der og tok flotte bilder og eg fek låne det eine av sjølve fyret av henne. På oppdagelsesferd i mine egne motiv - oppdaga eg stormen og bølgene frå ei strand på Selsøy.

Kunden likte ideen. Og slik blei dette til. Slåtterøy & Selsøy saman.

Som illustratør laga eg ofte samansette motiv som dette. Eg likar å vere kreativ og gjere ting på min måte. Så dette oppdraget var virkelig artig og enda i eit kurs.

Du kan lære å lage slike typer bilder i Den kreative hagen der kurset ligger.

Eller om du liker motivet - finnes det som:

Gicleetrykk - på syrefritt, ekslusivt akvarell papir
Nr/signert 140 ex
17 x 27 cm

Kunstkort
13 x 19 cm inkl konvolutt.

Kjøp kort – kr 60,-
Kjøp giclée-trykk – kr 950.
bottom of page