top of page

Create Your First Project

Start adding your projects to your portfolio. Click on "Manage Projects" to get started

Morgonstilla - ved Innværfjorden

Prosjekttype

Akvarell

Dato

April 2018

Morgonstilla

Motivet er fra Innværfjorden på Bømlo og er mala ut fra et foto av Janne Stokke som bestilte dette som akvarell.

Dette er et av dei mest givande og morsomme bildene eg har malt. Eg lånte et sommerhus på Børøyno og holdt på med det der - og det er blitt et av mine aller mest populære motiv, både som kort, og gicleetrykk.

Det er noko magisk med slike blanke morgoner. du står opp og heile sjøen ligg der - heilt speilblank. sola er nettop over horisonten og ingen lyd høyres. Lykken det gir - er ulikt alt anna. som om det er berre deg og den heilt stille sjøen. Og ingenting anna betyr noko.

Dette motivet var ein stor glede å få laga. Det er egentlig ein bestilling. Etter foto av Janne Stokke. Men noko av det mest inspirerande eg har laga.

Fordi eg sjølv berre elsker slike morgoner. og då kunne eg legge all kjærligheten og mine egne følelsar ned i malingen, og naut kvar sekund.

Eg samlar på magiske øyeblikk. Dei løfter meg opp på regnværsdagar når eg gløymer slike morgoner finnes. Når eg står opp og ser regnet sile, vinden legg den vannrett og det er november og lenge til sommaren.

Då får slike bilder meg til å glede meg til neste stille morgon. bilder kan hjelpe oss med glede. Dei kan ta oss fra ein følelse til ein annan. Og me kan sjølv velge kva bilde som skal gi oss disse gledene. Me veit kva som løfter oss.

Så då eg lærte om at bilder av vatn og tre faktisk har helande effekt - er det å male vatn - noko eg verdset enda meir.

Dette er eit av mine mest populære motiv. Det er fra Innværfjorden på Bømlo, øya eg er oppvaksen på.


Du finn det som:
- Gicleetrykk - nr/sign. i 2 ulike str
Trykka på ekslusivt, syrefritt akvarellpapir hos Midgaard & Co i Skien.
20 x 25 cm
27 x 37 cm - håndkolorert

Og kunstkort
13 x 19 cm inkl. konvolutt

Kjøp kort – kr 60,-
Kjøp giclée-trykk – kr 950.
bottom of page